Arna Pub og Pantelåner

Vår heim – din undergang

Stein på stein på Osterøy

Eg innser no at eg burde vore betre til å tøya ut i barndomen.

Eg innser no at eg burde vore betre til å tøya ut i barndomen.

17.mai. Grunnlovsfeiring. Folk overalt. Slutninga var enkel å kome fram til. I år måtte me så langt bort frå folkelivet som overhovud mogleg. Rådslagninga starta tidleg i mai, men bar preg av sterk urealisme og keisame forslag. Reisa til Nangijala verka litt for dramatisk i edru tilstand og fjelltur på Gullfjellet skapte ikkje den store entusiasmen. I det me var i ferd med å gje opp og henfalle til kvar vår sofa, kom ideen. Kva med gruvesafari på Osterøy?

I førebuingane til Risnes-ekspedisjonen hadde me lese om store gruvar på andre sida av Sørfjorden. Kalkåra gjekk visstnok sjøen og fortsette på Osterøy. Reisefølget og kjent som Dusjepartnaren hadde sågar tidlegare meint at me kunne gå tørrskodd under fjorden frå Arna til Osterøy. Trass denne optimismen nytta han store delar av fredagen til å leite etter sjøstøvlar for menn. Det viste seg å vere eit produkt det var vanskeleg å få tak i. Forfallet i bergenshandelen er tydeleg.

IMG_1313

I Arna sit me klar med harpunen når det ringjer på døra.

Med friskt mot og utstyrt med kniv og alle lommelyktars mor kom me oss ut av sentrumskjerna. Folk me såg kring oss smilte og var glade. Me smilte innvendig. Endå betre vart det då Dusjepartnaren møtte oss i døra med ei nylada harpun. Kanskje var ikkje Nangijala like langt unna som først trudd? I alle fall var me relativt nære då underteikna utøvde ei vel kreativ tolkning av vikeplikt i næraste rundkøyring. Me har faktisk ein god del av dei i Arna. Urbant strøk.

Diverre viste det seg at me i staden endte opp på Arnadalen Terminalområde etter at me missa på avkøyringa til Osterøy på første forsøk. Men så, så var me på veg. Med 17.frukost frå bensinstasjonen på Øyrane Torg innabords, sjøstøvlar i baksetet og eit skrujern frå 30-talet i den lånte stasjonsvognen med laust skoddelys.

Me hadde to mål for dagen. Det først var Skåftå Kalkgruve, like ved Sørfjorden. Her starta Paul G. Rieber opp drift så tidleg som i 1859. Årsaka til det finn ein i dei nye byggjereglane i Bergen etter bybrannen i 1855. I den nye bygningslova for Bergen vart det gjeve murtvangforordningar, som kravde at det skulle brukast mykje meir ytre murvegger i dei nye byfasadane.

- Her kan eg koka meg noko kjøt.

– Her kan eg koka meg noko kjøt.

Dette ga Rieber ideen om kalkbrenneverket. Kalk er knust marmor. Rieber fikk skore ut marmor, restane knuste/brann han til kalk. Prisen Rieber måtte betale for rettane på Skaftå var 120 speciedalar. Grunneigarane sikra seg rettane til arbeid i gruvene.

Mykje av kalken frå Skåftå vart send til smelteverket i Odda og nytta der. På det meiste vart 70 000 tonn årleg skipa til inst i Sørfjorden. Her blei kalken saman med koks smelta til forskjellige produkt, mellom anna sprengstoff, gjødsel og plast, men også til lyskjelde i lykter. Karbiden blei til ein brennbar gass når han vart tilsett vatn. I gruvegangane i Skaftå brukte dei karbidlykter med karbid frå Odda. 

I løpet av dei 102 åra med gruveverksemd i Skaftå blei det henta ut om lag 2 millioner kubikkmeter med kalk frå gruvegangane. Det svarar til 4 millioner tonn med kalk! Kalken kom frå 4000 meter med tunnelar under havet, og nær 5000 meter over havet. I 1961 vart driften lagt ned. 

Fartsgrensa på veg ut til Skåftå var 80 km/t. Det er vegen på ingen måte laga for. Sjølv hadde eg ikkje køyrd bil på Osterøy sidan eg spelte 45 minutter for Arna-Bjørnar 3 mot Fotlandsvåg i 2004, men standarden var mykje den same. Med GPS på telefonen fann me overraskande raskt frem. Ein gamal steinveg gjekk frå fjorden og oppover i fjellkanten. Kunne me faktisk berre spasere inn i brotet?

Svaret på det var både ja og nei. Med litt meir merksemd kunne me spart oss for 360 høgdemeter. Det første me la merke til var ei gamal løypestreng som kom ned frå fjellet og mot fjorden.

- Kan eg brygga øl i denne trur du?

– Kan eg brygga øl i denne trur du?

Like ovanfor der fann me gamle kalkbøtter (sjå bilete). Strukturen som stod der bar preg av å ha kollapsa, men dimensjonane synte storleiken.

- Revolusjon. No!

– Revolusjon. No!

Litt lenger oppe i bakken fann med ein svær omn som dreiv eit like stort hjul. Eg er samfunnsvitar og aner ikkje kva det vart brukt til, men både ingeniøren og filosofen (!) var i fyr og flamme.

Me hadde på førehand lese om dagbrotet kor det var lagt ned togskinner for å frakta kalken ned til kaien. Tanken på å kombinere gruve med tog var særs forlokkande, men etterkvart vart me meir og meir urolege. Kvar var dette dagbrotet? Slagghaugane dukka opp frå tid til anna, men me kunne ikkje sjå sjølve brotet. Endå verre var det med fjellbrotet. Spørsmåla kom snikande på oss. Kunne det vere at dei faktisk hadde det kjekkare på 17.mai inne i byn? Ville denne turen bli ein like stor fiasko som førre helg då me kasta oss inn i eit hol kring Store Lungegårdsvatn og ramla med buksa på knea ned i noko kloakk? Me tvilte på vår eigen dømmekraft, på samfunnet og ikkje minst på internettsida me hadde lese oss opp på.

- Ser dei meg om eg hoppa no?

– Ser dei meg om eg hoppa no?

Men så såg me da. Oppe på ei lita flate i skogen fekk me brått utsikt over eit juv. Stupbratt ned på alle kanter, men langt der framme, bak eit fossefall såg me gruveinngongen.

Djupt innover i fjellet. Men korleis skulle me kome oss ned der? Konklusjonen vart å fortsette oppover for å finne ein øvre inngong og så forsøke å gå nedover på innsida i fjellet. Det viste seg å vere ein fånyttes plan. Me gjekk til toppen av juvet, men ingen høve til å kome seg ned. Slaghaugane vart stadig óg stadig færre.

Langt der framme kan ein skimte porten til det fortapte land.

Langt der framme kan ein skimte porten til det fortapte land.

På veg ned att var stemninga nedtrykt. Me hadde funna gruva, men mislukkast i å kome oss inn. Dagbrotet forstod me heller ikkje kvar var. Så oppdaga me det. Terrenget kring oss hadde ein tydeleg hyllestruktur nedover i dalen. Me gjekk i sjølve brotet, det var berre overgrodd med gras. Det vart med eit tydeleg at her hadde dei lagt stein på stein i generasjonar.

Men uvissa om korleis gruvearbeidarane hadde kome seg inn i sjølve fjellet gneig framleis på oss. Sjølv ikkje eit forsøk på å balansera seg innover på kammen mellom dei to juva førde frem. Det kunne sjå ut som om det gjekk ein smal sti nedover mot botnen, men den var så mosegrodd at me ikkje våga å ta sjansen. Sikring hadde me heller ikkje, trass i at Dusjepartnaren hadde med seg tau til uvisst bruksområde. Siste sjanse var no å gå heilt til botn og gå oppover i dalsøkkjet frå fjorden.

Og då me tilbake til utgangsspørsmålet om me berre kunne spasere rett inn. Hadde me kikka litt meir i nærleiken hadde me sett at vegen gjekk strake vegen inn i juvet. Som teke frå ei scene i Jurassic Park såg me innover ein flatt område som truleg hadde vorte nytta som transportåre. Med ein vegetasjon eg aldri har sett på Vestlandet før og restar etter gamal infrastruktur var dette ein stor opptur for oss. Diverre viste det seg at gruva var oversvømma og trass nye sjøstøvlar for

Vatn. Vatn. Vatn.

Vatn. Vatn. Vatn.

Dusjepartnaren kom me oss ikkje gjennom første trinn på ferda innover i fjellet. I andre enda kunne me skimte noko infrastruktur som anten hadde kollapsa eller reven med medvite.

Fascinerande vegetasjon.

Fascinerande vegetasjon.

 

 

 

 

 

 

 

Det var og fleire stader der det såg ut som om inngongar og liknande var dekka til med sprengstein. Truleg vart mykje gjort i 1961 då dei stengde gruva. I det store og heile var det sikkert lurt, men kva med sånne som oss?

På veg tilbake til bilen fann me imidlertid de me var ute etter. Ei gruvesjakt på vel 50 meter i lengden og 2.5 meter i høgda. Veggane var heilt nedslipt av vatn og kvite frå kalken. I veggane stod det framleis att bolter og ymse anna som truleg hadde vore nytta til å sprengje ut sjakten. Som det så fint vart oppsummert. – Det var no kjekt me kom oss inn i eit hål på denne turen og. Teksten fortsetter diverre under biletet. 

- Trur du me kan bu her inne?

– Trur du me kan bu her inne

Etter totaltriumfen på Skåftå var planen å finne magnetkisgruva på Hosanger. Eller Hosjanger som det relativt raskt vart omdøypt til. Men først var det på tide med mat. Bensinstasjonen på Osterøy viste seg raskt å ikkje vere korkje open eller med matservering. Svoltne storma me inn på Bella Roma og fekk tinga mat medan Dusjepartnaren vart sendt i minibanken for å hente kontantar. Den viste seg å vere tom for pengar og då eigaren ikkje ville ha betaling i Euro måtte me til med eit kreativt overføringsprosjekt. Det enda godt og pizzaen var slett ikkje verst.

IMG_1362

into the abyss.

Gruvane på Hosanger låg på tre ulike stader og hadde fleire innslag. Me var særs imponert over namna dei hadde gjeve dei. Mellom anna heitte den eine Barrys Gruve. Eg er nokså viss på at han fyren frå Barrys Bootcamp bur inne i den. Trass lovnad på ymse nettstader at dei var enkle å finne rota me oss godt bort på Nonås. Det einaste me fann var ein ulovleg bosstømming. Dei er det mange av på Osterøy. Neste post på programmet var to inngonger kring Litlandsvatnet som skulle vere synleg frå vegen.

Ein merksam Dusjepartnar la merke til ein unaturleg steinrøys i landskapet. Og ganske riktig, bak den var det ei opning som delvis var mura att med Lecablokkar. Det var imidlertid tydeleg at nokon hadde vore der før oss. Like på innsida låg ein leverposteiboks. Inne i gruva var det korkje magnetar eller kisar, men ganske mykje rote treverk. Der gruvane på Skåftå var renska opp, kan ein ikkje seie det same om desse. Driften vart lagt ned i 1945 og sett bort frå å blokkere inngangen var ikkje mykje anna gjort. Omtrent no kom me på at me ikkje hadde gjeve lyd til nokon om kva me dreiv på med. Underteikna vart sendt tilbake til dagslyset for å sende ein SMS. Den kom i retur ein time seinare utan å nå mottakaren. Neste gong skal me ta HMS-arbeidet meir på alvor.

IMG_1364

Ei kollapsa bru

Eit stykke innafor gjekk det brått rett utfor. Ei kollapsa bru hadde ein gong ført over til ei anna inngong. Nedanfor var det ein arbeidsplattform og like under der vatn. Me hadde lese at deler av gruva i dag låg under vatn og truleg var det fleire nivå under der me stod. Godt nøgd med å ha funne ei øydelagd bru var det like før underteikna fyrte lommelykta i taket og ropte «You shall not pass». Eg angrar litt på at eg ikkje gjorde det.

Litt lenger framme var det stopp. Nokre reiskaper og ymse rask låg att etter dei som for kring 70 år sidan hadde hamra der inne. Me fann innslaget til inngong nr. 2 og, men den var betre dekka til med jord framfor opninga og det lille me såg på innsida var berre endå meir boss.

To gruvar. To hol. Tre lukkelege menn.

PS! Til høgre på bloggen kan du sjå endå fleire bilete frå turen.

Kjelder:
Miljøstatus.no
Tekniske og industrielle kulturminner i Hordaland

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

Information

This entry was posted on mai 18, 2014 by in Gruvesafari/UE.
%d bloggarar likar dette: